Vi har to filmar her på Lyngheisenteret. Begge filmane visast etter ynskjer, vennligst ta kontakt med resepsjonen på Infobygget.
Mandus og Klara – Lyngheiane
Ein film om eit søskenpar som budde på Fonnes i nærheten av Austrheim fram til 1976. Dei levde på gamalt vis utan innlagt straum eller vatn. Filmen viser korleis dei og kystbonden brukte lyngheiane og dei fantastiske ressursane lyngheiane har.
Kystlyngheiene er fleire tusen år gamle kulturlandskap skapt av brenning, beiting og slått. Filmen «Kunsten å brenne lyng» gjev en introduksjon til brenning som skjøtselsmetode. Kystlyngheien i Noreg er sterkt trua på grunn av at den tradisjonelle bruken opphøyrer og har fått status som utvald naturtype i Noreg
Bygdekino
Ein gong kvar månad har vi bygdekino her på Lyngheisenteret