Undervisning og Forskning

Lyngheiane er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå Potugal i sør til Lofoten i nord. I dag står denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna. Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane som knyt seg til bruken av dette landskapet. 

Bekjemping av einstape i kystlynghei

Prosjektet starta på Ytre Lygra i 1997. Einstapen har blitt eit stort problem i lynghei der den spreiar seg etter lyngsviing. For å kontrollere einstapen har ein sett på effektar av slått ein og to gonger i vekstsesongen, knekking og sprøytemidla gratil og asulam. Etter fleire år med skjøtsel har ein også studert korleis vegetasjonen endrar seg etter sprøyting og slått.

Slått to gonger i året i to år er eit godt alternativ til å sprøyte med asulam eller gratil. Bestanden er redusert med meir enn 80% etter 2 år med alle dei tre metodane. Første slåtten må vere i midten av juni når blada foldar seg ut, andre slåtten 6 veker seinare. Sprøyting krevjer oppfølging med årleg slått eller punktsprøyting. Bådde asulam og gratil reduserer veksten til enkelte urter og gras etter sprøyting, lyngen ser ut til å auke etter skjøtselstiltaka.

For meir info om prosjektet.

 

 

Prosjektet vert fulgt opp ved Doktorgradsstudier av Inger E. Måren (Institutt for biologi, Universitetet i Bergen)

Prosjektet vart starta opp av Peter Emil Kaland ved Institutt for biologi, Universitetet i Bergen, Kristine Ekelund og Vibeke Husby.

Desse er i tillegg knytta til prosjektet:
Inger Elisabeth Måren Instittt for biologi, UiB
Vigdis Vandvik Institutt for biolgi, UiB