Besøk dyra

Både villsau, spælsau og kyr beiter på Lygra. På enkelte familiesundagar inviterer Lyngheisenteret til gratis gardsbesøk kor du kan få oppleve dyra på nært hald.

Følg med i kalenderen for aktivitetar på Lyngheisenteret:

Aktivitetskalender

Villsau, spælsau og høns går fritt ute på området, så dei kan du treffe på kva tid som helst. På ein god dag kan kanskje sjå havørn og orrfugl. Ver venleg å pass på at hundar er i band

Norsk villsau (Ovis brachyura borealis)

På Lygra er det to flokkar med villsau, også kjend som utegangarsauen, som til saman består av omlag 200 dyr. Drift med utegongarsau skil seg frå vanleg sauehald ved at dyra beiter ute både sommar og vinter.

Utegongarsauen høyrer til gruppa korthala nordeuropeisk høglandssau. Denne sauegruppa var den mest vanlege sauetypen i Norden heilt fram til 1800–talet, då andre sauerasar vart meir vanleg.

Utegangarsauen vår har vore nær ved å døy ut fleire gongar. I 1830-åra gjorde saueskabb stor skade på saueflokkar på heile Vestlandet. Og så nyleg som på 1950-talet vart villsauen slakta ned dels grunna eit misforstått dyrevern. Heldigvis var det nokon som såg verdiar i denne gamle sauerasen. Særleg på Austevoll opprettholdt dei driftsforma og idag tel ein om lag 30 000 overvintrande utegangarsau her til lands. Sjå meir informasjon på Facebooksida til Lygra Villsaulag.

Vestlandsk Raudkolle

Vestlandsk Raudkolle (VR) har sitt utspring frå det gamle Lyngdalsfeet, som på 1800-tallet vart kryssa med feet frå Rogaland. Det gamle Lyngdalsfeet var slik historia fortel også rødt og kolla. Det var mykje likskap med dagens Vestlandsk Raudkoller både med fargesamansetning og utsjåande.

På 1900 tallet såg ein etter kvart potensialet i Vestlandsk Raudkolla som produksjonsdyr og på 1950- og 60-talet var VR den dominerande rasen med over 60 000 dyr. I fleire år etter at Norsk rødt fe gjorde sitt inntog var enkelte buskapar av VR rasen i landet framleis blant dei høgstytande.  Mange veterinærar og andre innan landbruket meinar framleis den dag i dag at Vestlandsk Raudkolle skulle vore basis for den framtidige og moderne avlen, noko som ho i liten grad er.

 

 

Spælsau 

(eng. Old Norwegian Short Tail Landrace) er ein sauerase, som mange meiner er den opprinnelige sauerasen i Noreg. Sauen er godt tilpassa vårt klima og var i bruk allereie i jernalderen. Den er utbredt over heile landet og 22% av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. På Island er rasen så og sei einerådande.

Spælsauen er liten og spedbygd, men den er hardfør og fruktbar. Søyene melker godt og tar godt vare på lamma. Ulla består av fin bomull og lengre, grov dekkull.

Høns

På den yttarste garden på Lygra vandrar 20 høns og hanen Robin fritt. Dei kosar seg ute i sola og har moglegheit til å gå inn om dei ynskjer det.

Vil du kjøpe smaksrike frittgående egg,

ring 406 14 136.

 

Save