Magnus Gården er berre 5 minutt å gå frå Lyngheisenteret. Gardshuset vart bygd i 1913 og det tradisjonsfylte huset er for tida under oppussing både inn- og utvendig. I tillegg til rolege omgivelsar har Magnus Gården óg utsikt over den indre farleia til Bergen. Dette er den perfekte overnattingsstaden for både grupper, enkeltpersonar og familiar, som kan nyte eit bilfritt område med ope landskap, frisk luft og lett tilgong til natur og sjø.