Vi tek i mot selskap og grupper som er førehandstinga heile året. Lyngheisenteret har restaurant (70 p), møterom (30 p), kinosal / auditorium (70 p), utstillingslokale og flotte uteområder.
Informasjonsbygget Lyngheisenteret opna i år 2000 og er eit flott, moderne bygg med element frå tradisjonelle byggetradisjonar. I restaurant Matstova serverer vi heimelaga og kortreist tradisjonsmat, i tillegg til kaker, vaflar og kaffi. Møterommet kan nyttast til selskap og kurs, men også til undervisning og forskning. I kinosalen /auditoriet er det også gode mogelegheiter for kurs og undervisning, i tillegg til filmframsyning og konsertar.
I resepsjonen sel vi villsaugarn, bøker, lokalt kunsthandverk, villsauskinn, urteprodukter m.m.
På førespurnad kan vi tilby ulike typer aktivitetar, inne og ute.