Lyngheiane på Lygra er opne heile året med tilrettelagde og merka stiar. Det er gratis å gå tur i området, men hugs bandtvang då det er dyr på beite heile året.
Lyngheisenteret tilbyr tilpassa guiding i dette vakre og historisk viktige området. Dette kan ordnast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på førehand.
Guida tur i Lyngheiane: 1,5 time
Eigen langtur i Lyngheiane: 1-1,5 time
Eigen korttur i Lyngheiane: 45 min
Bøkeskogen – eit anna turområde i nærleiken
Den nordlegaste bøkeskogen veks i Norge og spredningsmønsteret er noko av eit særsyn. Gamle bøkeskoger er utelukkande to stadar i landet. Den eine er på Skagerrakkysten med sentrum i søndre Vestfold, og den andre er ved Lurefjorden i Lindås, Hordaland. Bøken kom truleg til landet frå Danmark gjennom handel i vikingtida og det er eit yrande plante- og dyreliv i skogen.