Undervisning

Kulturlandskapsendringar på Lygra 1850 – 1920

Kulturlandskapet og busetnaden har endra seg mykje gjennom  historia.  Når ein ser landskapet i dag tenker ein gjerne at slik har det sett ut lang tilbake i tid. Men slik er det ikkje, for 170 år sida starta ei stor jordreform  i heile Norge som  vert kalla  «Utskiftinga». Frå tidleg middelalder og fram til slutten av 1800-talet budde mange på landsbygda  i klyngetun  eller fellestun. I tuna budde familiane tett  med eit lappeteppe av åkrar og jordteigar rundt.

Under utskiftinga som starta omkring  1850  vart  klyngetun og jordbruksareal delt opp i enkelt bruk med eige tun for kvart  bruk  med heile jordbruksarealet som høyrde til.  Dette endra jordbrukslandskapet i stor grad over heile landet og spesielt i kyst Norge.


Klyngetunet på Ytre Lygra

Klyngetunet  låg omtrent midt i innmarka  der vegen går i dag og hadde 5 bruk.  Fig. 1 og 2.


Her du står no kan ein sjå restane etter kjellarmuren på bruk nr 57/2.  Rundt klyngetunet låga alle teigane; totalt  var det 51 teigar fordelt på dei 5 bruka. Fig 2 og 3.
 Alle bruka hadde namn etter kor dei låg i tunet.

Desse namna var forsatt i bruk lenge etter utskiftinga sjølv om husa låg andre stader.
 
 Alle bruka hadde eigen driftsbygning som låg avskilt frå våningshuset. Kvart bruk hadde også potetkjellar. Etter utskiftinga  bygde alle nye våningshus med gode kjellarar der ein kunne oppbevare poteter. Det vart difor ikkje bygd oppatt nye potetkjellarar.


Vågningshuset til bruk 57/2 låg på same staden til kring 1914.     Driftsbygningen på bruk 57/5 vart ståande fram til kring 1960. 
 

Utskiftinga på Ytre Lygra

Utmarka Luretangane og utmarka på Lurøyna og Holmane ( Storholmen, Sauholmen og Næsset)  var ferdig utskifta  i 1866. Innmarka vart utskifta 1891 til 1898.